Moralpoliti og tankevoktarar

Av: Trond Brækhus

I den prestestyrte islamske kjønnsapartheidstaten Iran er det påbudt med hijab for alle kvinner. Det er altså straffbart å vise fram håret sitt. Fordi nokon trur at Gud og hans sendebod Muhammed meinte at kvinner ikkje skulle gå rundt og friste menn seksuelt med håret sitt. Kvinner må derfor dekke seg til, så ikkje mannen går av skaftet.

I eit forsøk på å yte motstand mot desse dumme og onde religiøse villfarelsane har nokre beintøffe iranske kvinner protestert mot påbudet, ved å ta bilder av seg sjøl utan hijab, og distribuere desse på sosiale medier. Kvinnene har også dokumentert moralpolitiets inngripen når desse har sett seg nødt til å irettesette kvinner som går utan hijab eller som har gått med hijaben for mykje på skakke. (I Iran er ikkje “moralpolitiet” ein metafor. Dei fins på ekte eg har køller og skjold.)

At det fins kvinner som viser fram håret sitt på denne måten irriterer jo prestefaenskapet som styrer dette landet kraftig. Desse Guds ypperste utvalgte skjeggenissar meiner sikkert berre at dei forsøker så godt dei kan å styre etter boka og dei reglane som Gud har bestemt, og så kjem desse stridige kvinnfolka og lagar rot i systemet. “Huff, alltid er det nokon som insisterer på å tenke sjøl. Utruleg irriterande, la oss sette desse fæle kvinnfolka på plass, ein gong for alle”, har dei tenkt no, og difor er det innført ei lov som gjer at den som tar bilder av kvinner som tar av seg hijaben kan bli fengsla i inntil 10 år.

(Gjenta gjerne siste leddsetning med høg utestemme, sjøl om du sit på bussen eller ligg på stranda. Bruk gjerne ein ropert visst du har.)

Eg får sjeleleg eksem og elveblest av å lese om slikt. Eg trur det verste som kan skje eit samfunn er at religiøse krefter tar for mykje styring over enkeltindivid og familiar. At valgfriheten forsvinn og at folk går rundt og er redd for å bryte reglane som sjølvutnemnde skriftlærde innbiller seg utvalgt til å passe på. Vi må følge med, særleg vi som bur i små samfunn med mange moskear eller mange kyrkjer og menighetar. Vår borgarplikt til å bry oss om medmennesker skal heller ikkje stoppe ved eige nabolag eller landegrenser. Å bry seg om og engasjere seg i kva som foregår i religiøse diktatur er ein av dei viktigaste solidaritetshandlingane du som fritt og opplyst menneske i eit fritt og opplyst land kan utføre.

Ikkje alle deler det synet. Ved å dele Mina Bai sine iranske hijab-postar kan du risikere å bli forsøkt stempla som “femonasjonalist”, “etnonasjonalist”, “høgrepopulist” eller “kulturkrigar”. Særleg visst du er mann og befinn deg på den politiske venstresida. Det fins eit lite politisk aktivistmiljø, med dyktige debattanter og stor gjennomslagskraft, som kan finne på å meine at du misbruker kvinners frihetskamp for å ha eit påskot for å fremme islamofobi og rasisme ved å dele slike postar, eller visst du er viser at du er opptatt av minoritetskvinners fridom og ve og vel i diskusjonsforaer på fb. Eg nevner ikkje spesifikke partinavn. Desse godhetens moralpoliti og identitetspolitiske tankevokterane er spredt ut over heile venstresida, men med opphopning i eit par parti. Dei har mange følgerar på sosiale medier og er opptatt av formidle eit inntrykk av at meiningsmotstanderane held på med ein slags kulturkrig.

Dette gjer ikkje meg noko personleg å bli forsøkt stempla av desse folka, eg hevar meg over slikt og er ikkje redd for å ta kraftig igjen. Det er heller ikkje svært mange av desse tullingane. Men, desse folka gjer som sagt mykje ut av seg, og dei påverker kva folk vågar å ytre i debattar. Folk legg jo gjerne litt bånd på seg når dei veit at det dei skriv kan bli tatt bilde for så bli delt rundtomkring som bevis på kor fælt menneske du er som later som du bryr deg om undertrykte kvinner, berre for å rakke ned på muslimar, eller at du får ein kommentar som hintar om Resett eller at ABB var opptatt av det samme, eller at ein tilhører SIAN eller andre typar rasistorganisasjonar. Er du heldig nøyer dei seg med å hinte i retning av at du er fan av Frp eller Listhaug. Eg snakkar av egen erfaring her.

Slik drittoppførsel trur eg er ei viktig årsak til venstresidas tilsynelatende manglande engasjement i saker som omhandler religiøs patriarkalsk undertrykking. Vi må hugse at religionskritikk, når den handla om kritikk mot kristendommen, var ei paradegrein for venstresida i forrige århundre. No bruker vi på venstresida meir ressursar på å jage religionskritikarar enn å kjempe mot negativ religiøs innflytelse. Folk er redd for stemplinga frå sine eigne. Nokon har klart å skape ei oppfatning av at kritikk av idear er det samme som hets av folk som trur på desse ideane. Religiøs undertrykking er like forkasteleg uansett kven det er av oldtidsgudane som står bak.

Eg oppfordrar difor alle, kvinner og menn, i alle aldrar og alle fargar, religiøse og ikkje religiøse, i solidaritet med verdas religiøst undertrykte, til å innimellom like eller dele religionskritiske postar, og til å slå ned på forsøk på ulike former for shaming og stempling som gjerne dukker opp i kommentarfelt under slike postar. Det er eit par enkle hovudreglar å følge:

– Skil mellom kritikk av religion og kritikk av religiøse.

– Ikkje la deg herse med, ta igjen knallhardt når nokon forsøker å knytte deg til miljø du ikkje tilhører og meiningar du ikkje har.

– Stå opp for andre når dei blir utsatt for usakleg dritt.

Så kan vi kanskje ta verda eit ørlite hakk framover? Og, ein viktig ting: Eg skjønner jo at mine lett rabiate og harsellerande religionskritiske postar ikkje når inn til dei mest religiøse og politiske ekstremistane som treng mest å bli rista i. Det er alle dykk halv- og heilreligiøse som frekventerer gudshusa og som går på politiske møter saman med desse folka eg nevner som er nærast til å snakke fornuft til dei som treng det.

(Berre så det er sagt: Eg er aktivt medlem i Arbeiderpartiet og sit i styret i Holmlia AP. Ved å like denne posten vil du ikkje bli assosiert direkte til ekstremisme eller høgrepopulisme, men eg kan ikkje garantere at slike koblinger ikkje kan oppstå. Til orientering står også posten på offentleg. Du er herved advart.)

Tilbake til Iran: Kva har du lest mest om i norske aviser siste år: Handmaid’s tale eller #mystealthyfreedoom og #whitewednesday?

Les meir her:

https://www.facebook.com/StealthyFreedom/

https://www.facebook.com/page.masihalinejad/

PS: Kort tid etter at denne teksten vart delt på Facebook, kom følgande kommentar:

“Jøss, har dere høyrevridde identitetspolitikere først funnet på å kritisere Iran-regimet nå, noen tiår etter oss andre?”